Ho sat alltid ved vindauget på
kjøkenet. Ei aldrande kvinne med grå krullar. Ryggen var
litt lut, den hadde vorte slik det siste året. Eg hugsa henne
slik ho var i fjord sommar før mannen hennar døde. Då
brukte dei å sitje ute på terrassen begge to. Nesten i
all slags ver, berre det ikkje vart for kaldt. Ho hadde handarbeidet
sitt, han laga flotte figurar av små trestykke. Dei var fulle
av omtanke og varme smil, og helsa alltid når folk gjekk forbi.
Men eg kjende dei ikkje godt, så eg hadde aldri stoppa for å
prate så mykje.

Men så døde mannen, heilt
brått. Det var hjartet, i alle fall sa dei det dei som meinte
dei visste. Og ho flytta inn til kjøkenglaset sitt. Laga
ein liten vegg mellom seg og verda. Eg såg ho kvar gong eg
gjekk forbi. Eg bruka å nikke og smile, og av og til fekk eg
eit nikk attende. Men det var som ho ikkje ensa verda utanfor, sånn
eigentleg. Og eg såg aldri at ho hadde noko handarbeid meir. Ho
berre sat der.

Men brått ein dag var ho ikkje
der lenger. Eg stussa litt, men gjekk vidare. Men eg kunne ikkje
verte kvitt kjensla av at noko ikkje stemde. Så eg snudde og
gjekk attende. Eg banka på døra, men alt var stille. Eg
banka ein gong til, og eg høyrde noko pusla innanfor døra.
Døra vart opna, sakte og forsiktig. Og der stod ho. Like heil
og frisk. «Nei, er det du som kjem?» sa ho overraska. Eg
kjende meg brått litt dum. «Eh, ja…» Eg smilte
usikkert. Ho såg framleis spørjande på meg, og eg
avgjorde fort at eg berre fekk fortelje det slik det var. «Eg
vart litt uroleg då eg ikkje såg deg i vindauget i dag.
Eg ville berre sjå til at du ikkje hadde skada deg eller noko
slikt. Men no ser eg at alt er i orden, og eg kjenner meg litt
dum…» Ho opna døra og smilte stort. « Det kan då
vel aldri verte dumt å sjå til at ei gamal dame har det
bra. Eg har akkurat kokt kaffe. Ver vennleg å ta ein kopp i lag
med meg.»

Vi vart sitjande lenge ved
kjøkenbordet. Ho fortalde om mannen sin, og om tungsinn og
einsemd. Eg måtte jamvel tørke eit par tårer i lag
med henne den ettermiddagen. Og før eg gjekk heim, hadde vi
avtala at eg skulle ta med meg handarbeide neste gong. Og no er det
akkurat som om ho har retta ryggen litt. Ho sit ofte på
terrassen med handarbeidet sitt, og ho slår av ein prat med dei
som stansar. Og eg har fått ei ny venninne med godt hjarte,
livserfaring og visdom. Ei som alltid har tid, kaffe, gode råd
og varme smil. Tenk at så mykje godt kan kome ut av noko som eg
tykte var eit pinleg sekund…

Tips oss hvis dette innlegget er upassende